fredag 21. september 2012

Loooong time, no see....

På tide å få bloggen opp og gå skikkelig. Eg leser bloggar i massevis, og lar meg inspirere, uten at det viser nokon plass. Dette håpar eg skal forandre seg no, :-)

Det er mykje som skjer for tida. Eg er blitt deltidsstudent, har begynt på lærarutdanning. Spennande, og skremmande på samme tid. Er ikkje berre lett å sette seg på skulebenken når ein er 40 år gitt... Men det er veldig kjekt, og eg ser fram til alt eg skal lære.

I tillegg jobbar eg tre dagar i veka på ein barneskule, og det er utruleg kjekt og inspirerande. Så artig å jobbe med så mange skjønne ungar! <3

Vi har maler i hus, som maler alle lister, vinduskarmar og dørkarmar kvite. Det har vore mørkebrunt i to år, og det blir så utruleg godt å få det lyst og fint. Angrar på at eg ikkje tok bilder før han begynte å male, så eg kunne ha vist forskjellen, for den er enorm! Det blir så bra når det blir ferdig!!!

Og så har eg jo fire ungar som skal følgast opp, og ein mann som stadig er på farten.

Vesle prinsessa vår, 8 år allerede!


Litt gammalt bilde, men eg elsker dette bildet! Prinsen vår er blitt heile 10 år!


Min flotte 14-åring!


Og gulljenta, som er 21 og har forlatt redet. 


Er det ikkje ein fin bukett eg har??!! Beste ungane i heile verda! <3<3<3<3


Så strikketida er begrensa for tida. Men; eg har alltid med meg eit "spøt" uansett kvar eg går, så det går framover, sakte men sikkert. Og så har eg ein haug med ting som manglar den siste finishen......

I helga skal eg rydde hobbyrommet, og så skal eg sakte men sikkert jobbe meg gjennom den haugen og gjere alt ferdig :) Og då vil det etterkvart dukke opp her i bloggen så eg kan vise fram det eg lagar.

Men no er det tid for å lage middag, og snart kjem ungane ramlande inn her.

Ønsker alle ein fin fredag!!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar