mandag 23. juli 2012

UFO-problematikk....

Eg hadde ein liten opprydning i strikkekorga mi idag. Der var det jammen mykje forskjellig gitt. Heile 17 uferdige objekt kom eg til, når eg hadde leita litt på hobbyrommet også.


Til venstre er det eit slumreteppe i Gullgarn. Dette blei påbegynt onsdag, så det er ikkje så gammalt. Dette starta eg på for å få brukt opp Gullgarnet eg hadde liggande. 
Det blå oppe til venstre er prematursokkar. Ved siden av er det ei rosa Odessa-lue
Ved siden av den igjen er eit Nøstebarnteppe i Ullteppegarn. 
Til høgre er dette teppet, hekla i Silja frå Sparkjøp.
Nede til venstre er det eit babyteppe, i Ullteppegarn
Det stripete blå er Mimouna sine barnevottar i Peruvian Highland Wool. 
Og nede til høgre er eit skjerf i Drops Alpakka, og Drops Delight


Til venstre, Setesdal blondegenser i Gjestal babyull.
I midten, Driftwood i New Zealand Lammeuld.
Til høgre, Olive i NZ lammeuld. 


Det stripete petrol og grå er Viggo
Det grå er eit baktusskjerf i eit blankt og tungt garn som heiter Dahlia, frå Europris
Til høgre ein raggsokk, som skal bli str 46, og få ein partner
Nederst er det ei nøstebarn undertrøye, og Kvardagskjole frå Nøstebarn. 

PUH!! 

Viggo-vesten er ferdig no, manglar knappar som eg skal kjøpe i morgon. Har starta trådfestinga på Setesdalblondegenseren (er ca ein million trådar på den). Har strikka ein cm på Nøstebarnkjolen. 

Og sånn går no dagan.....