tirsdag 20. mars 2012

Tannfelling, shopping og fargespørsmål

Vesla har mista si tredje tann. Endelig! Ho har venta og venta på det. Ho er jo blitt 8 år, og dei fleste på hennar alder har mista mange tenner. Men ho er jo lita, så det er vel berre kroppen som ventar med fellinga til det faktisk er plass til dei nye tennene :)


Søt er ho iallefall! :-D

Lørdag var det nydelig vær, og eg feira det med å starte grillsesongen. Kjempegodt med grillmat!!!



NAM!!!

Søndag snødde det!!! Skrekk og gru! Eg som psykisk var innstilt på vår! Mandag snødde det også, men det smelta heldigvis fort. 

Og med vårsesongen kjem forkjølelse og elendighet. Minamor har vore sjuk sidan torsdag, hosta til ho kasta opp gong etter gong....... Var til legen igår, fordi ho var så tett og tung i pusten. Fekk inhalasjon til ho, så no har ho det bra. Satsar på at ho går på skulen i morgon. EG treng iallefall at ho går på skulen i morgon, trur eg har fått eit snev av hyttefeber (cabinfever)...... 

Så då endte eg opp på Nille, og kjøpte litt vårstemning i staden. Hjalp det, så lenge eg ikkje såg ut ;-)


Herligheten kosta meg kun 108,50. DET er ikkje ille!!! :-D


Litt handarbeid har det blitt, men eg har ein lei tendens til å starte på nye ting, og er ikkje så flink til å ferdigstille.... Er vel mange som kjenner seg igjen i det ;-)

Har faktisk hekla litt, det er lenge sidan no. Har starta på dette teppet, og skal bruke garn frå lageret, valget falt på Silja (Gjestal). Eg brukar kvitt, petrol og turkis-ish, og så hadde eg funne fram lys grå, men det passar ikkje i heile tatt. Og eg har ikkje nokon annan farge som passar. Så då spør eg: Kva skal eg bruke som den fjerde fargen? Står isblå i oppskrifta, men Silja har ikkje isblå i fargekartet sitt. 




Tips anyone? 








lørdag 10. mars 2012

JENTE-LEGO!!!

Endelig er det komt skikkelig jente-Lego! vi var så heldige at vi fikk prøve det før det kom i butikken, via Buzzador. Gleden var stor når vi fikk trehuset i posten. Jenta mi elsker det!! Og mor er også begeistra. Det er blomster og dyr og masse fine detaljar.


Igår fikk ho Lego Friends Cafèen i bursdagsgave. 

Det er kjekt å ha besøk av naboane og leike med den nye legoen :-)