søndag 26. februar 2012

Kva skal eg bli når eg blir stor?

Eg er utdanna sjukepleiar, og har jobba med slagpasientar i mange år. Eg har gradvis fått meir og meir problem med ryggen, til det ifjor vår sa heilt stopp. 


Det har tatt sju lange og sju breie å bli tatt skikkelig på alvor, men no er eg omsider utreda. Sånn litt iallefall. Stor slitasje nederst i nakken (C6/C7), med mulig nerverotsaffeksjon. To sammenfalne ryggvirvlar (L3/L4), samt ei ødelagt skive mellom der, og eit par protrusjonar over der. Ikkje noko som er alvorlig nok til å opererast, men det gir ei god forklaring på kvifor eg har så vondt. Og det ER godt å vite kvifor eg har vondt......


Eg har i fleire år fått høyre at det er "berre" muskulært, ta Ibux og Paracet. Så godt å endelig bli tatt på alvor! Det er ikkje så mykje å gjere med det, berre holde seg i form. 


Og då kjem spørsmålet: Kva skal eg no finne på???


Eg har ordna meg med arbeidspraksis på ein barneskule, og har det som plomma i egget!! Eg ELSKER det rett og slett. Så planen no er å starte på lærarutdanning :-)  Det må bli på deltid, sidan eg ellers må flytte på meg, og i forhold til mann og ungar er det ikkje aktuelt å flytte på seg. 


Så i ein alder av nettopp-fylt-40 skal eg altså søke på skule. Artig!!! :-D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar