søndag 26. februar 2012

Kva skal eg bli når eg blir stor?

Eg er utdanna sjukepleiar, og har jobba med slagpasientar i mange år. Eg har gradvis fått meir og meir problem med ryggen, til det ifjor vår sa heilt stopp. 


Det har tatt sju lange og sju breie å bli tatt skikkelig på alvor, men no er eg omsider utreda. Sånn litt iallefall. Stor slitasje nederst i nakken (C6/C7), med mulig nerverotsaffeksjon. To sammenfalne ryggvirvlar (L3/L4), samt ei ødelagt skive mellom der, og eit par protrusjonar over der. Ikkje noko som er alvorlig nok til å opererast, men det gir ei god forklaring på kvifor eg har så vondt. Og det ER godt å vite kvifor eg har vondt......


Eg har i fleire år fått høyre at det er "berre" muskulært, ta Ibux og Paracet. Så godt å endelig bli tatt på alvor! Det er ikkje så mykje å gjere med det, berre holde seg i form. 


Og då kjem spørsmålet: Kva skal eg no finne på???


Eg har ordna meg med arbeidspraksis på ein barneskule, og har det som plomma i egget!! Eg ELSKER det rett og slett. Så planen no er å starte på lærarutdanning :-)  Det må bli på deltid, sidan eg ellers må flytte på meg, og i forhold til mann og ungar er det ikkje aktuelt å flytte på seg. 


Så i ein alder av nettopp-fylt-40 skal eg altså søke på skule. Artig!!! :-D

Klara og Hjalmar

Klara dukke måtte jo få seg ein venn. Og her er han: Hjalmar er ein litt beskjeden type, kan minne litt om Ludvig frå Flåklypa. Traust, beskjeden og stille av seg. Og litt over gjennomsnittet bekymra.


Akkurat no bekymrar han seg for at han ikkje har fått bukser. Han er rimelig flau over å gå rundt i genser og strømpebukse. 


Beklager Hjalmar, menn går jo ikkje i strømpebukser. STILLONGS er det sjølvsagt han har på seg. 


Han er strikka i Rubin og Safir frå Gjestal. Kroppen på pinne 3, og hovudet på pinne 2,5. Genseren er strikka i Jade, også frå Gjestal, 70% ull/30% alpakka. Det røyter ganske mykje, men er mjukt og godt :)


Hjalmar er ganske betatt av Klara :)


Og det ser ut til å vere gjensidig. 


Hjalmar har sjarmert Klara i senk, og allerede fått ho på fanget, sjølv om han går rundt i strømpebukser.... :-D

Eg har lovd han bukser også, han må berre vente litt, for eg strikkar på noko bittelite og nydelig. Sidan det er ein overraskelse til den som skal få det, så legg eg ikkje ut bilde før eg har fått gitt det vekk :-)

mandag 20. februar 2012

Arne&Carlos

Eg har styrt unna både luer og julekuler, men når dokkeboka kom klarte eg ikkje å stå imot lenger.....

Har strikka ei dukke allerede, til Minagull. Den skulle ligne på ho, og ha laaaangt mørkt hår med lilla striper.


Ho har svart strømpebukse og kvit t-skjorte, så ho ikkje er heilt naken. 



Ho har foreløpig fått rosa jakke, lilla strutteskjørt med fluffy kant, og lilla vottar og panneband. 


Mina er veldig glad i sin nye bestevenn <3


Og ho får sove sammen med Mina kvar natt :)

Og eg? Eg er i gang med dokke nr 2. Denne gongen er det til Ruben, så det blir ein gut, og eg har komt heilt til halsen allerede. Starta på den på lørdag B-)

Han har grønn strømpebukse og blåmelert t-skjorte. Og skal ha brune auger og brunt krøllete hår. Så eg må strikke ein lapp med brunt og vaske og tørke den så han kan få krøller slik som Rubengullet mitt. :)