søndag 17. juli 2011

To vesker

Har sydd to vesker dei siste dagane. Den første er sydd etter mønster på Iris' veske frå boka Made by Me.

Den er sydd av eit gammalt dongeriskjørt, og litt stoff frå Ikea, og ein gammal glidelås frå mamma sitt syskrin.

Kjempefornøgd, men må lage den litt større neste gong, den er litt liten til mitt bruk :)






Den andre veska er sydd etter eige hovud. Fekk ein idè idag tidlig, og tilslutt måtte eg berre finne fram stoff og tegne mønster og sy. 

Stoffet er frå Ikea, fòret er ei gammal gardin, og hjertet er klipt frå ein gammal genser. Veska har lomme innvendig til mobil og småting. 

Er ganske fornøgd, men kjem til å endre på formen på veska neste gong. :) 





Hjertet symboliserer at eg no er i ferd med å frigjere meg frå gamle mønster og finne meg sjølv. Litt sånn fandenivoldsk kjerring som no skal lære seg å gi beskjed om kva ho meinar :D

2 kommentarer:

  1. Fine vesker begge to.
    Er så moro når man får sånne ideer man bare må få utført med en gang:-D

    SvarSlett
  2. http://sipusa.neuro.no/ er bloggen min!

    SvarSlett