søndag 17. juli 2011

Redesign igjen!!

Eg har redesigna igjen! Det er så gøy! Så gøy å igjen kunne bruke plagg ein er glad i, som av ein eller annan grunn blir liggande ubrukt.

Kjøpte ein genser for mange år sidan, som eg aldri har brukt, fordi den var for kort (kjøpte den uten å prøve). Likte genseren så godt at eg har aldri fått meg til å kaste den eller gi den vekk. Det er noko med tigeren på den som appellerer til villkatten i meg :D

Kjolen er av lin, og var for trang over brystet, kjøpt for ein slikk og ingenting på Sri Lanka for 11 år sidan. Den har vore brukt eit par gonger, men har så blitt liggande fordi frontpartiet mitt er blitt for stort.

Klipte av genseren 5 cm under bh-kanten, klipte kjolen av i passe lengde, og sydde sammen. Klipte av kanten nederst, og kanta med svart kantebånd.



Skal ha ein applikasjon nederst på skjørtet, men har ikkje bestemt meg for kva det skal vere endå :)

Er VELDIG fornøgd med denne altså! Blir i skikkelig godt humør når eg tar den på, og kjenner at klørne vokser litt ;) Dette blir nok ein favoritt. Eg som ikkje er eit kjolemenneske eingong!

8 kommentarer:

  1. Stilig !!!
    Og kjempelurt ! Fin dame ! Spørs om nokon
    tør å komme for nær deg. Hehe

    SvarSlett
  2. Hehe.... ja, kanskje eg skremmer vekk nokon no :D

    SvarSlett
  3. Så herlig en kjole og det gir en deilig følelse å redesigen.
    Ønsker deg en fin søndag.

    SvarSlett
  4. Så flott kjole! Herlig å kunne så litt selv.
    Skulle ønske jeg også kunne.....

    SvarSlett
  5. Akkurat sånn jeg har tenkt meg det inni hodet mitt ja....med mine egne klær. Kjempefint!

    SvarSlett
  6. Tess: du må berre prøve deg fram, det er det eg gjer :) Er ikkje alt som er like vellykka gitt.....

    SvarSlett
  7. Så smart! Og så flott at du endelig får brukt to plagg som du egentlig likte kjempegodt:-D
    *inspirert* og nesten på vei til klesskapet:-D

    http://sipusa.neuro.no/

    SvarSlett