torsdag 14. juli 2011

Eg har sydd!!!! :D

Eg har sydd kjole til gullet mitt. :D Sydd i raud fleece med kvite prikkar, pynta med blondeband og med applikert krone.

Har oppdaga det geniale med vliesofix! Har tidlegare sydd applikasjonar også, men då festa med knappenåler og banna og kjefta fordi det flyttar på seg når eg syr. Denne gongen var det ikkje noko problem :)

Jenta er strålande fornøgd, DET er vel ikkje vanskelig å sjå på dette bildet? :D


Posere seier du? Det er eg god på. Sjå berre her! 


Eller kva syns du om denne posisjonen?


Eg skal jo bli mannekeng når eg blir stor mamma, det ser du vel? :D


Er for varmt akkurat no til å gå i fleecekjole, men ho har den på likevel. Nektar å ta den av. Så får ho berre bli for varm då. Lykkelig og varm :)


1 kommentar:

  1. Å, så fin kjole du har sydd :)
    Å prinsessa di er jo helt nydelig da:)

    SvarSlett