lørdag 5. mars 2011

To nye luer






To nye baggy jenteluer, str 5-8 år. Strikka i Gullgarn, og har hekla blomst festa med nål. Desse to luene blir lagt for salg i Epla-butikken min. :)

tirsdag 1. mars 2011

Hekla lue og strikka hals





Lue hekla i Lerke, og hals strikka i Lerke. Halsen er strikka i bølgemønster, litt usikker på kor praktisk den er, men fin vart den iallefall :)

Ein treng ikkje reise langt for å ha ein fin dag









Vi er ingen skigåar-familie, så om vi skal ut om vinteren så er det med akebrett og kjelke, eller skøyter. Og vi treng ikkje reise langt for å gå på skøyter heller, for vi har flott skøyteis på skulen til ungane, 800 meter herifrå :)



Og med lokket til ein kulegrill som bålpanne, og bjørkeved, så vart det pølsegrilling også. Flott dag, med sol og litt varme, og blide og førnøgde ungar :)

Lue til vesla mi





Vesla mi har fått seg ny lue. Strikka i Gullgarn frå Sparkjøp, hekla blomst. Ho er så lei av rosa, så no ville ho ha blått. Endelig...... *fnis*

Shamu har giveaway i bloggen sin, verdens stiligaste veske!

Shamu  har giveaway i bloggen sin. Tøffaste veska eg har sett. Heldig er den som vinner den, kryssar alt eg har for at det blir meg ;)