tirsdag 11. januar 2011

Marius-tunika

Eg har lenge hatt lyst til å strikke ein Marius-tunika til minstejenta. Men tanken på nesten 50 cm ensfarga glattstrikk har holdt meg igjen.



Men i romjula kjøpte eg bord til å sette strikkemaskina på, og då fant eg ut at eg ville prøve å strikke glattstrikken på den, og mønsteret for hand. Og det gikk strålande!!!







Strikkemaskina er gammal, og skulle nok fått skifta både nokre nåler og sperreskinne, så eg fekk litt trøbbel med masker som hoppa av. Men; eg er sta som eit esel, så eg fekk det til omsider.



Og her er resultatet:











Litt andre fargar enn det som er tradisjon. Kanten oppe er meir blågrønn enn det som viser her. Syns den vart kjempefin! Gledar meg til snuppa kjem heim frå skulen så ho kan prøve den! :D



Strikka i Silja frå Gjestal. 240 gram.

5 kommentarer:

  1. Kjempeflott tunika! Kjekt med marius i litt utradisjonelle fargar. Ønskjer deg ei fin veke.

    SvarSlett
  2. Den var kjempeflott ;o) Flott med litt utradisjonell fargekombinasjon.

    SvarSlett
  3. Den var nydelig. Kjempe fine farger :D

    SvarSlett
  4. Så lekker den var i de fargene der.

    SvarSlett
  5. Lekkker, flott med andre farger enn de tradisjonelle =)

    SvarSlett