onsdag 5. januar 2011

Endring i strikkeplanane

Då vart det endring i strikkeplanane.



Minstejenta har fått så mykje klede av nabojentene, så no må eg strikke noko til dei. Valget falt på Mariustunika til begge to.







Men er litt usikker på om eg skal strikke begge i tradisjonelle fargar, eller om eg skal strikke ein i tradisjonsfargar og ein i litt andre fargar. Tenkte at den blonde jenta kan få den med tradisjonelle fargar, og så strikke ein i grønntonar til den mørkhåra jenta. Ho har grønbrune auge, så det blir sikkert kjempefint.



Eller bør eg strikke like til dei?



(bilete lånt frå Sandnes Garn)





















Ellers så strikkar eg på ein hals i bølgemønster etter denne oppskrifta. Strikkar i Lerke. Det garnet har eg aldri strikka med før, og det er eit hyggelig bekjentskap. Mjukt og godt :)

1 kommentar:

  1. Nei du trenger ikke lik farve på de, morsommere å strikke også når de ikke blir like :) Jeg strikket denne i julegave til et av barnebarna, brukte litt gammelrosa farver på den, ble veldig fin :)

    SvarSlett