fredag 28. januar 2011

Blogg-candy hos Eveb :)

Eveb har candy i bloggen sin. :) Ho deler ut candy til ein av sine følgarar. :) Og sjå her!!! Masse fint til scrapping!!!!





Bloggen hennar finn du HER. 

torsdag 27. januar 2011

Hemmeleg strikkevenn på Strikkeverden.net







Sjå kva eg fekk av min hemmelege strikkevenn på Strikkeverden.net. To nøster deilig Alpakka Silk frå Marks&Kattens. Jippi! Har aldri hatt noko så mjukt og deilig. Må tenke meg nøye om før eg brukar dette. 


Fekk også eit nydelig kort, to omgangsteljarar, og to fine treknappar. Eg er mest glad i treknappar, så dei falt i smak. 


Tusen takk, Frk. Fryd!!!! 

tirsdag 11. januar 2011

Marius-tunika

Eg har lenge hatt lyst til å strikke ein Marius-tunika til minstejenta. Men tanken på nesten 50 cm ensfarga glattstrikk har holdt meg igjen.



Men i romjula kjøpte eg bord til å sette strikkemaskina på, og då fant eg ut at eg ville prøve å strikke glattstrikken på den, og mønsteret for hand. Og det gikk strålande!!!







Strikkemaskina er gammal, og skulle nok fått skifta både nokre nåler og sperreskinne, så eg fekk litt trøbbel med masker som hoppa av. Men; eg er sta som eit esel, så eg fekk det til omsider.



Og her er resultatet:











Litt andre fargar enn det som er tradisjon. Kanten oppe er meir blågrønn enn det som viser her. Syns den vart kjempefin! Gledar meg til snuppa kjem heim frå skulen så ho kan prøve den! :D



Strikka i Silja frå Gjestal. 240 gram.

mandag 10. januar 2011

Favorittprogrammet i familien for tida.





Det er stor stas i familien når vi kan benke oss foran tven og sjå "Mann mot natur". Spennande program, og du verden alt det merkelige og ekle den mannen puttar i seg..... *grøss*


Gutungen på snart 9 år skal bli sånn som Bear Grylls, og reise rundt og oppleve masse. Og han har stor tru på at han klarer akkurat det samme som Bear :)




Eg syns også programmet er bra, og i tillegg er han jo ikkje vond å kvile augene på *fnis*








onsdag 5. januar 2011

Endring i strikkeplanane

Då vart det endring i strikkeplanane.



Minstejenta har fått så mykje klede av nabojentene, så no må eg strikke noko til dei. Valget falt på Mariustunika til begge to.







Men er litt usikker på om eg skal strikke begge i tradisjonelle fargar, eller om eg skal strikke ein i tradisjonsfargar og ein i litt andre fargar. Tenkte at den blonde jenta kan få den med tradisjonelle fargar, og så strikke ein i grønntonar til den mørkhåra jenta. Ho har grønbrune auge, så det blir sikkert kjempefint.



Eller bør eg strikke like til dei?



(bilete lånt frå Sandnes Garn)





















Ellers så strikkar eg på ein hals i bølgemønster etter denne oppskrifta. Strikkar i Lerke. Det garnet har eg aldri strikka med før, og det er eit hyggelig bekjentskap. Mjukt og godt :)

søndag 2. januar 2011

Lue og pulsvarmarar




Enkel lue i ribbestrikk


















































Har strikka ei enkel lue i ribbestrikk. Strikka i Rubin frå Gjestal. Garn frå lageret. 60 gram. 











Pulsvarmarar i alpakka








































Har også strikka pulsvarmarar, i alpakka. Oppskrift her. Garn frå lageret, 36 gram.

Nyttår

Eg fekk ein kjedeleg start på det nye året, fekk magesjau så det holdt......



Men ikkje før vi hadde bikka nyttår heldigvis. På grunn av været vart det ikkje mykje fyrverkeri, men litt klarte vi no å smelle av. Tok nokre artige bilder.






Rubengull





Minagull



























































Alex