torsdag 15. september 2011

Jubel har giveaway i bloggen sin!!

Jubel har giveaway i bloggen sin. Ho lagar så mykje fint!!! Har ein draum om ein dag å bli like flink som ho er.....
Sjå berre her (bilder lånt frå bloggen til Jubel):



søndag 11. september 2011

Utfordring frå eldstejenta

Eldstejenta mi har utfordra meg til å sy ei clutch-veske til ho... Eg er ikkje spesielt erfaren med symaskina, og mønsteret er på engelsk i tillegg... Men; eg tar utfordringa, så får tida vise om eg får det til :)



Mønster her. 

Jøje meg, jammen lenge sidan eg har blogga....

Eg har ikkje blogga sidan dagen etter det forferdelige som skjedde i Oslo. Då er det jammen på tide med eit par innlegg :)

Eg har prøvd meg litt fram med symaskina. Laga mønster til veske sjølv, klipte og prøvde meg fram. Og eg vart godt fornøgd :D



Min første innerlomme med glidelås!! Eg er så utruleg fornøgd! Og den vart solgt 15 minutt etter at eg la den ut på nett :)


lørdag 23. juli 2011

Ord blir fattige.......

 Tankane mine går til dei som har mista det kjæraste dei har, og til dei som er skadde. 

Vi tenner mange lys i kveld. 



søndag 17. juli 2011

To vesker

Har sydd to vesker dei siste dagane. Den første er sydd etter mønster på Iris' veske frå boka Made by Me.

Den er sydd av eit gammalt dongeriskjørt, og litt stoff frå Ikea, og ein gammal glidelås frå mamma sitt syskrin.

Kjempefornøgd, men må lage den litt større neste gong, den er litt liten til mitt bruk :)






Den andre veska er sydd etter eige hovud. Fekk ein idè idag tidlig, og tilslutt måtte eg berre finne fram stoff og tegne mønster og sy. 

Stoffet er frå Ikea, fòret er ei gammal gardin, og hjertet er klipt frå ein gammal genser. Veska har lomme innvendig til mobil og småting. 

Er ganske fornøgd, men kjem til å endre på formen på veska neste gong. :) 





Hjertet symboliserer at eg no er i ferd med å frigjere meg frå gamle mønster og finne meg sjølv. Litt sånn fandenivoldsk kjerring som no skal lære seg å gi beskjed om kva ho meinar :D

Redesign igjen!!

Eg har redesigna igjen! Det er så gøy! Så gøy å igjen kunne bruke plagg ein er glad i, som av ein eller annan grunn blir liggande ubrukt.

Kjøpte ein genser for mange år sidan, som eg aldri har brukt, fordi den var for kort (kjøpte den uten å prøve). Likte genseren så godt at eg har aldri fått meg til å kaste den eller gi den vekk. Det er noko med tigeren på den som appellerer til villkatten i meg :D

Kjolen er av lin, og var for trang over brystet, kjøpt for ein slikk og ingenting på Sri Lanka for 11 år sidan. Den har vore brukt eit par gonger, men har så blitt liggande fordi frontpartiet mitt er blitt for stort.

Klipte av genseren 5 cm under bh-kanten, klipte kjolen av i passe lengde, og sydde sammen. Klipte av kanten nederst, og kanta med svart kantebånd.



Skal ha ein applikasjon nederst på skjørtet, men har ikkje bestemt meg for kva det skal vere endå :)

Er VELDIG fornøgd med denne altså! Blir i skikkelig godt humør når eg tar den på, og kjenner at klørne vokser litt ;) Dette blir nok ein favoritt. Eg som ikkje er eit kjolemenneske eingong!

torsdag 14. juli 2011

Eg har sydd!!!! :D

Eg har sydd kjole til gullet mitt. :D Sydd i raud fleece med kvite prikkar, pynta med blondeband og med applikert krone.

Har oppdaga det geniale med vliesofix! Har tidlegare sydd applikasjonar også, men då festa med knappenåler og banna og kjefta fordi det flyttar på seg når eg syr. Denne gongen var det ikkje noko problem :)

Jenta er strålande fornøgd, DET er vel ikkje vanskelig å sjå på dette bildet? :D


Posere seier du? Det er eg god på. Sjå berre her! 


Eller kva syns du om denne posisjonen?


Eg skal jo bli mannekeng når eg blir stor mamma, det ser du vel? :D


Er for varmt akkurat no til å gå i fleecekjole, men ho har den på likevel. Nektar å ta den av. Så får ho berre bli for varm då. Lykkelig og varm :)


søndag 3. juli 2011

Tunika til ei lita snuppe

Eg likar godt mønsteret Oriental Lily,(Ravelry-link) og har strikka ein del av denne. Har etterkvart gjort litt endringar i oppskrifta slik at resultatet blir meir slik eg vil ha det :)

Denne er strikka i Milk&Honey, deilig mjukt garn av bomull/melkefiber-blanding.


Eg likar spesielt godt halsringninga på denne modellen, syns den er veldig fin. 



Og det luktar faktisk litt av sur melk første gangen det blir vaska, så eg har vaska den to gonger for å få vekk lukta. Syns ikkje det er noko problem, for garnet er utruleg mjukt og godt :)


Denne er str 9 mnd, og ligg for salg i Epla-butikken min. 

Lillesøsters kjole

Lillesøsters kjole (Little sisters dress) har eg strikka fleire gonger. 


Den er strikka frå toppen og ned, og er ein skjønn kjole. 


Denne strikka eg fordi eg hadde lyst, og har ingen mottaker til den. Den er derfor til salgs i Epla-butikken min.



Voksejakke frå Nøstebarn

Eg har strikka ei voksejakke frå Nøstebarn. Strikka i New Zealand lammeull, i str 0-1 år. Enkel og grei strikking. 


Hekla rundt kantane med kvit alpakka, sidan eg ikkje hadde ferdig nøsta kvit NZ lammeull. Pynta med ein hekla blome, og skjønne knappar med hjerter på. :)


Sidan eg ikkje har nokon å gi denne til, er den til salgs i Epla-butikken min. 

Mitt første forsøk på redesign

Skulle på fest i går, og kleskoden var kjole. Eg har aldri vore eit kjolemenneske, så utvalget i klesskapet var noko begrensa.....

Så då tenkte eg at eg ville prøve å sy litt. Eg tok ein tunika som var for trang over magen

Og ein kjole som var for trang over brystet

Klipte og sydde litt, og gjorde armane korte. 


 Og sydde på ein søt elefant til pynt


Eg er kjempestolt over resultatet!! Har aldri prøvd noko sånt før, og syns det er eit bra første forsøk. Fekk masse skryt for kjolen igår! :D





tirsdag 7. juni 2011

Rullegenser

Har også strikka ein rullegenser frå Nøstebarn, denne er strikka i Silja, str 6 mnd. Pynta med herlege løveknappar :o)

Den vart litt kompakt, den neste skal eg strikke i NZ lammeull trur eg. Blir nok mykje meir luftig då. :o)


Eg har strikka litt smått :o)

Eg har strikka tre små søte undertrøyer/vestar. Ein i alpakka, og to i NZ lammeuld, og eit par bittesmå übersøte sokkar.  (ser ut som den minste trøya med stroppar er fryktelig skeiv, men det er den egentlig ikkje)
Er så koselig å strikke sånne små plagg :)





søndag 29. mai 2011

Shamu har giveaway i bloggen sin!

Shamu har give-away i bloggen sin igjen! Denne gongen er det ei bok om søm/redesign.

Eg har ein draum om å ein gong bli like flink som ho å sy! *bøyer meg i støvet*

Berre sjå her

Masse tøffe klede som ho har sydd!




Swallowtail!

Eg har strikka mitt første sjal! *JUHUUU*

Brukte akkurat ei veke. Strikka i Silja frå Gjestal. Brukte ca 3 1/2 nøste.



tirsdag 10. mai 2011

Lillegull MÅTTE ha nye pulsvarmarar!

Og då strikkar mor. :) Strikka i Rubin, oppskrifta vart til etter kvart. Sydde på fleecehjerter til slutt. :)


Langemann er blitt 13 år!!!

Godguten min Alexander har blitt heile 13 år! Forstår verkeleg ikkje kvar tida blir av. Han er ein stor gut, 174 cm høg, og har str 45 i sko!!!! Heilt utruleg! Han er ein kjempesnill og omtenksom gut. Flink på skulen, rask som lynet og flink i fotball. Kjempeglad i deg gullet mitt!!!! <3



Huttetu, her skjer det lite gitt....

Har vore veldig stille her. Har hatt ein del andre ting å tenke på, så då blir pcen nedprioritert.

Men har no strikka litt iallefall.

Ein nydelig liten diva-kjole, str 0-3 mnd. Strikka i Milk&Honey, deilig mjukt garn av bomull og melkefiber.
Denne er til salgs i Epla-butikken min