onsdag 29. desember 2010

Eg har fått rokk!!!!

Snille pappaen min kom med bestemor sin rokk til meg. Den sto berre og samla støv på loftet deira, så då tenkte han at den ville få det bedre hos meg. <3







Ilag  med rokken låg det fleire posar med dette. Og som den nybyrjaren eg er, så veit eg egentlig ikkje kva det er...... Det er jamnt spunne, men ikkje tvinna, så det ryk når eg tar i det. Er det nokon som kan fortelle meg kva dette er? (og korleis eg skal få vekk lukta av det? Det har nok sikkert lagt i posane i over 30 år......)

Første strikkemål nådd



Då har eg nådd første strikkemålet mitt, denne lua frå Nunnun/Anna sin blogg. :) Den har ingen mottakar foreløpig, så den havnar i gavekassa så lenge :)

mandag 27. desember 2010

Planer for strikking på nyåret

Det er så mykje eg har lyst til å strikke. Tida strekk ikkje til.



Men; eg har nokre prosjekt eg SKAL strikke.



Det første er denne lua som Nunnun har laga oppskrift på.









































Nr to er forhåpentligvis denne vesten, til meg.





















































Og også denne kjolen til vesle Martine. <3



søndag 26. desember 2010













































Og her er julegåva frå mann og barn til meg. Ein søt liten mini-pc. Akkurat passe stor til å få plass i veska mi, og berre MIN! <3 (bilete lånt frå digitgeek)




































Før jul sprengstrikka eg på bestillingar, så eg trudde eg skulle bli lei, og at det ikkje ville bli noko strikking i romjula. Men sidan eg no kan strikke det eg har lyst til, så var strikkelysten framleis tilstades. Eg strikkar ikkje mykje, men litt blir det no innimellom all kosen med ungane, all maten og filmane vi ser.



Oppskrifta på desse pulsvarmarane fant eg her, og strikkar dei i Drops alpakka :)

Prinsesse-monsterbukse































Fekk bestilling på ei monsterbukse før jul. Den skulle vere til ei lita jente, og eg valgte då å lage prinsessemonsterbukse, med augevipper og greier. :) Den er strikka i Rubin frå Gjestal, og mønsteret fant eg i duBedåre sin blogg

Hue og vottar til Martine




Hue til vesle Martine





Sokkar og vottar til vesle Martine




































































Eg har strikka mykje på bestilling før jul. Har ikkje tatt så mykje bilder, men det vart ein del.



Men litt anna har eg fått tid til og, mellom anna denne søte lua til vesle Martine, søskenbarnet mitt sitt første barn :) Strikka i NZ lammeull, mønster frå Nøstebarnboka.


Har også strikka vottar og sokkar til Martine, i Drops alpakka. Mønster på sokkane fant eg her, og vottane dikta eg oppskrift på sjølv. :)

Kosestund

Kosestund 2. juledag. Late dagar i pysjbukse og tøfler. Deilig at alle saman har fri. Her ser ungane på rush Hour 2 :)